Velkommen til Landbruksmuseet
for Møre og Romsdal
Historiekveld på Landbruksmuseet
Den 12 mai klokka 18.00 arrangerer Landbruksmuseet for Møre og Romsdal historiekveld på Gjermundnes.
Foredraget « Historier frå livet på landbruksskulen» er eit lysbildekåseri i regi av Oddvard Nordgård. Inngang kr 50,-

17 mai blir det kunstutstilling på Landbruksmuseet på Gjermundnes
Maleklubben Picasso
Førpremiere på visning av utstillingsmaleria i tidlegare fjøs mala av kunsnaren Steinar Kristensen
Åpent museum.
Velkommen!
Inngang blir 40 kr for vaksne og 20 for born
Oversikt over Historiekveldar og historiske vandringar for vår og haust 2013:
Alle historiekveldane startar kl 1800 og kostar 50 kr
Søndag 12.5. 2013:
“Historier frå livet på landbruksskulen frå åra 1960 -2000” ved Oddvard Nordgård
Juni og juli ingen historiekveldar eller arrangement grunna sommarsesong
Søndag 25.8. 2013:
“Ei ferd i Lars Olsson Skjegstad sine gjetarspor”.
Historisk vandring på Skjegstadgarden / Hjelvikgarden og nærliggande område ved Helsetnakken (Skjegstadnakken). Opplesing av livsminna til Lars Olsson Skjegstad basert på hans erfaringar som gjetargut i tida 1838-45, og informasjon om barnegjetinga generelt.
Søndag 29.9.2013:
“Blåfolk og dvergstål”
Vandretur til hola på Veblungsnes i Rauma. I ein slik samanheng er det naturleg å snakke om dei underjordiske. Ein tur tileigna folketrua kring huldra, utboren, dvergen, og haubukken
www.Landbruksmuseet.mr.no. post@landbruksmuseet.mr.no 71189155
Følg oss på Facebook for oppdatert info.
Historiekveld på Landbruksmuseet
Den 17 mars klokka 18.00 arrangerar Landbruksmuseet for Møre og Romsdal historiekveld på Gjermundnes.
Foredraget “ Drept av bjørn og ulv” omhandlar dramatiske møte mellom menneske og rovdyr i historisk tid. Foredraget vert presentert av Astor Furset. Inngang kr 50,-
Landbruksmuseet startar nyåret med Historiekveld på Landbruksmuseet på Gjermundsnes.
Temaet for kvelden er "Seterbruk i Romsdal". Ved Arkeolog Kristoffer Dahle Søndag 27 januar kl 18.
Julekveld på museet
Landbruksmuseet på Gjermundnes arrangerer Julekveld søndag den 16.12.
Klokka 17.00 – 19.00. Billettpris er 20 kroner for born og 40 for vaksne. Husk å ha på varme klede.
Nissen har pause i førjulstria og på museumslåven likar han seg godt. Har du lyst til å treffe han? Kom til museet med eit julebrev så vil han ta det med seg til Nordpolen.
Program:
- Julemarsj rundt museet for å bringe jula inn.
- Nissen på låven tek mot julebrev til Nordpolen
- Eventyrstund i skulestua på museet
- Tenning av juletre kl 18 med gang rundt juletreet
- Trekking av premie